...

Gule´s Mek. og landbruksverkstad

    - Ny Lantmännen Maskin forhandlar i Hordaland 

Gule´s er ny Lantmännen Maskin forhandlar i Hordaland og me innviterar til åpningsdagar torsdag 12. og fredag 13. august. Det vert enkel servering og me tilbyr mange gode åpningstilbod desse dagane.

  

Blant våre besøkjande som prøvekøyrer traktor vert det trekning av ein valfri fabrikktur til CLAAS (Tyskland) eller VALTRA (Finland).

  

Gule´s forhandlar heile Läntmannen Maskin sitt produktspekter som til dømes; VALTRA og CLAAS traktorar, CLAAS grasutstyr, skogsvogn frå Källefall og Moheda, Stoll, Hill, Bogbale og Øverum.

Service er viktig for oss og er noko me legg stor vekt på slik at me kan hjelpa deg den dagen du måtte ha problem. Me har ein moderne serviceverkstad og me vil i tillegg ha tre servicebilar i området med dyktige servicefolk, med lang erfaring.

  

Har du spørsmål, kontakt vår seljar Tor- Bjørn Kolltveit. Han har tidlegare erfaring som seljar hjå Lantmännen Maskin der han selde Valtra traktorar og utstyr. Med god kjennskap til produkta står han klar til og hjelpa deg å velja det rette.

  

Velkomen til åpningsdagar hjå oss! (Gløym ikkje vår gode åpningstilbod desse dagane)

Tid og stad:

Torsdag 12. august kl. 10.00 - 18.00  Gule´s Mek. og landbruksverkstad, Øystese

Fredag 13. august kl. 10.00 - 18.00    Storebø Bil og Traktor, v/ Leikvoll Smie, Austrheim

  

Les meir om Lantmännen på www.lantmannenmaskin.no

  

OBS OBS! Vår eigen nettstad er under ommbygging og kjem snarleg i ein ny og meir oppdatert versjon.

  

  

  

Gule's Mek. og landbruksverkstad AS

Josef Gule starta mekanisk verksemd i 1967, lokalisert i Meierihola i Øystese. Produksjonen retta seg då hovudsakleg mot landbruk og industri. Ole Johnny Gule overtok som eigar og dagleg leiar i 1988 , og har seinare drive verksemda.

I dag held verksemda til i eit industribygg på Evjo i Øystese, og inneheld både produksjonslokale og butikk. Vareutvalet i butikken er stort og variert, og vi har som mål å vera ein lokal leverandør av varer og tenester til industri, landbruk, håndverkarar og private.

Velkomen innom !

  

...
Gule's Mek. og landbruksverkstad AS
5610 Øystese

Telefon:

56 55 53 19

Faks:
56 55 53 39

firmapost@gules.no

Våre opningstider:

Månd-fred:

08:00-16:30
(torsd.18:00)

Laurd:
09:00-14:00