.
Foto: Kalle Seip
Lindås kommune satsar på Valtra
I Valtra Team 2/2010 kunne me lese at Lindås kommune har valt å skaffa seg to nye Valtra Direct. Maskinførar Bjarte Haukås uttalar at Valtra Direct er veldig godt tilpassa deira behov. Han har gjort ein av dei to splitter nye Valtraene til sin daglege arbeidsstad og er svært nøgd.Teknisk drift i Lindås kommune har mykje veg å vedlikehalda. Heile 210 kilometer veg skal alltid vera best mogleg preparert for kommunens innbyggjarar. I tillegg skal gang og sykkelsti haldas i orden, noko så betyr at dei to valtraene har mange oppgåver. Etter 100 timar med Valtraen er det mange funksjonar Haukås frameleis ikkje har full kontroll på, då er det godt at seljar Tor-Bjørn Kolltveit iblant tar turen innom og gjev gode svar slik at funksjonsnivået stadig utvidas. Å læra å utnytta alle funksjonane krev ein del øving, men i stor grad gjer traktoren jobben sjølv. Og læra å kjøra den, er grådig enkelt, seier Haukås som meiner at cruisekontrollen er heilt suveren.
Kampanjer
Hvor du finner oss: