.
Premiere!
Visning av nye Valtra A- serie på Vårsleppet
Den nordiske traktoren fyller 60 år og har vorten ein verdsomspennande suksess. Til tross for høg alder er Valtra framleis full av entusiasme og ser på framtida med begeistring. Dette ser ein tydeleg på dei nye A83 og A93- modellande. Over ser du den nye Valtra A93 ikledd den nye jubileumsfargen.
A-serien har ein lang og ærverdig tradisjon som den mest populære traktormodellen i norden og er blitt nytta både på åkrar og til skogs. Dei nye eigenskapane denne modellen no leverast med, forsterkar allsidigheita og komforten i ein allereie sterk, lett og manøvrerbar traktor kan me lese i Maskin & Visjon nr. 1 2011.
Eletrisk styrt HiTech- revers, hydraulisk håndbrems integrert i vendegirspaken, redusert støy i førarhytta, og breidare inngang er berre nokon av dei mange nye eigenskapane som er å finne på dei nye modellane i A-serien. Og til tross sine mange nye eigenskapar er grunnkonseptet i A-serien det same. Det er framleis ein driftsikker, kostnadseffektiv, lett og allsidig traktor.
For meir informasjon og prisar ta kontakt med Tor-Bjørn Kolltveit.
Kampanjer
Hvor du finner oss: