roy6hjul

Høgsesong for Polaris!

Hausten er høgsesong for Polaris ATV og dette merkar me på Gule's. Tre sekshjulingar blei henta på Evjo i forrige veke. Gule's har vore offisiell Polaris forhandlar i eit år no og me trivest svært godt med det. Lærlingen vår Roy Tolo (bildet over) får også meir å gjere, og meir å lære når nye ATV'ar kjem og skal monterast før sal.


Roy monterte dei tre sekshjulingane som blei levert forrige veke og tar absolutt lærdom av dette. Han inrømmer at etter å ha montert heile tre stykk, er kanskje det å køyra dei vel så kjekt. Roy fortel at å vere lærling på Gule's er både morosamt og variert. Etter å ha vore her i eit år no er det sjeldan han jobbar med det same, dette gjev mykje lærdom fortel han.

Om du har lurt på å skaffa deg ein ATV, ta turen innom for ein kikk eller ei prøvekøyring.
Velkomen skal du vera! 
Hvor du finner oss: