Carousel settings
Container operations
Height (px)
Height (px) mobile
Timer (ms)
Display numbers on dots
Do not rotate
Navigate on mouseover
Keep aspect ratio
Height is maximum height
Hide navdots

Historie

Josef Gule starta Gule's Mek. og Landbruksverkstad i 1967. I byrjinga var verksemda lokalisert i Meierihola i Øystese. Produksjon og mekanisk arbeid retta seg hovudsakleg mot landbruk og industri. Seinare vart bedrifta utvida til, og starta med sal av kvalitetsprodukt innan jernvare, skogsdrift og hage, utsalsstaden låg i Øystese sentrum. (Såkalla Øysteselandet)

Ole-Johnny Gule overtok som eigar og dagleg leiar i 1988, og har sidan då drive verksemda.
Med aukande produksjon og sal, blei det eit nødvendig steg i utviklinga at Gule's måtte samla all aktivitet i eit bygg. Og flytta difor verksemda til Evjo i Øystese, som inneheld både verkstad og butikk på same stad.

Som ein naturleg del av den nye lokaliteten, vart båt og båtmotorar ei logisk utviding av verksemda.

Etter at me starta som Valtra forhandlar i 2010 har Gule's utvikla seg til å bli ein av dei store aktørane i Hordaland innan traktor- og  reiskapsalg.

Vareutvalget i butikken er stort og variert, og me har som mål å vera leverandør av kvalitetsprodukt og tenester til industri, landbruk, handtverkarar og private.

Verksemda har vore i kontinuerleg vekst sidan starten og er i dag ei bedrift med totalt 15 tilsette. I tilleg har me samarbeidspartnarar på sal og verkstad både på Voss og i Nordhordland.

Me ynskjer at våre kundar føretrekk oss som leverandør av kvalitetsprodukt og tenester.
 
- Lokal mek. og landbruksverkstad i 50 år!
Gule's

Gule's Mek. og Landbruksverkstad starta i 1967 som ei rein mekanisk verksemd, men har i løpet av 50 år utvikla seg til å bli ein av regionens største leverandørar av  kvalitetsprodukt innan verktøy og reiskap til både næringsliv og private.

Vårt varespekter er bygd opp frå kunnskap om bransjebehov, kvalitetsstandard og  våre kundars generelle behov. Riktig kvalitet- og prisnivå, er viktig for oss, samt våre kundar.

Blant våre leverandørar gjennom mange år finn ein eit breidt utval kvalitetsmerker, frå Honda og Jonsered til Luna, Milwaukee og Tysse for å nemne nokon.
 
I samråd med våre kunder og samarbeidspartnarar prøver me kontinuerleg å finna det mest optimale varespekteret for vår butikk.
 
Du finn Ole-Johnny og Einar i butikken på Evjo i Øystese. Kva kan me hjelpa deg med?

Gule's
- Kvalitet i nærleiken!
Gule's Landbruk

Gule's Mek. og Landbruksverkstad starta som ei rein mekanisk verksemd, og med hovedfokus på mekaniske tenester mot landbruket vart det naturlig at me også starta med sal av reiskap og utstyr til Bonden.

Tidligare hadde me også produksjon av landbruksutstyr til bonden. Den gule dyretransporthengarar gjekk det ein del av, hugsar du den?

I 2010 vart me Valtra forhandlar i Hordaland. Med traktorar frå den kjente finske traktor-produsenten Valtra. Ein traktor som er godt representert på tunet hos bonden og entreprenørar i Hordaland.

Claas traktorar og Claas Grasutstyr, var og ein del av vårt sortiment, fram til me blei eksklusiv Valtra forhandlar i oktober 2016.

Lantmännen var vår samarbeidspartner på traktor og reiskap fram til oktober 2016, då Eik maskin AS overtok importen av Valtra til Noreg.

Hos Gule's Landbruk har me i tillegg til Valtra, eit reiskaps-sortiment som strekkjer seg frå kjende leverandørar som; Lely Welger på presser og grasutstyr, til HMV rammer frå Voss. M.M.

Skulle du lura på noko som hamnar under Gule's Landbruk er Tor-Bjørn Kolltveit din mann.

Gule's Landbruk
- Me kan traktor og utstyr!
Gule's | Gule's Landbruk
org. nr. 956 648 092

Hardangerfjordvegen 569
5610 Øystese, Noreg

Telefon: 56 55 53 19
E-post : firmapost@gules.no

 
Gule's 
firmapost@gules.no | Tlf. 56 55 53 19
Copyright @ 2017 Gule’s.  - Levert av Bukken AS