Om oss

Gule’s Landbruk

Gule’s Mek. og Landbruksverkstad starta som ei rein mekanisk verksemd, og med hovedfokus på mekaniske tenester mot landbruket vart det naturlig at me også starta med sal av reiskap og utstyr til Bonden.

Tidligare hadde me også produksjon av landbruksutstyr til bonden. Den gule dyretransporthengarar gjekk det ein del av, hugsar du den?

I 2010 vart me Valtra forhandlar i Hordaland. Med traktorar frå den kjente finske traktor-produsenten Valtra. Ein traktor som er godt representert på tunet hos bonden og entreprenørar i Hordaland.

Claas traktorar og Claas Grasutstyr, var og ein del av vårt sortiment, fram til me blei eksklusiv Valtra forhandlar i oktober 2016.

Lantmännen var vår samarbeidspartner på traktor og reiskap fram til oktober 2016, då Eik maskin AS overtok importen av Valtra til Noreg.

Hos Gule’s Landbruk har me i tillegg til Valtra, eit reiskaps-sortiment som strekkjer seg frå kjende leverandørar som; Pöttinger og Kuhn på presser og grasutstyr, til HMV rammer frå Voss. M.M.

Skulle du lura på noko som hamnar under Gule’s Landbruk er Tor-Bjørn Kolltveit din mann.

Gule’s Landbruk – Me kan traktor og utstyr!

© Kopirett - Gules. Levert av Bukken.no