Service og vinterlagring

Kva vil det sei å gje din Husqvarna Automower® vinterservice med «all-inclusive»?

Ein robotgrasklyppar er ei avansert maskin som arbeider i all slags vær. Dersom du regelmessig reingjer og vedlikeheld klypparen, kan du forhindra at jord og vatn trenger inn i maskina. Dette vil ikkje berre forlenga din Husqvarna Automower® sitt liv, men også hindra uforutsette utgifter.

Årleg service inkluderer:

– Siste software- oppdatering
– Elektronisk feilsøking (autotest)
– Rens/vask
– Knivbyte
– Test av batteriet (autotest)
– Lading av batteriet
– Test av sikkerhetsfunksjonar
– Kontroll

Når service er gjennomført vil du få med ein detaljert servicerapport.

Oppbevar robotgrasklypparen på hotell
Når du leverer inn robotgrasklypparen for ein årleg service, kan du også la oss lagra den for deg i vinter. Du får den tilbake på våren når den er klargjort for ein ny arbeidssesong. Dette sparar plass i garasjen, og du kan henta den igjen når det passar deg.
Hotellet oppbevarar din Husqvarna Automower® i eit tørt, oppvarma miljø, noko som er optimalt for å hindra rust. Dette sikrar lengst mogleg levetid for din robot grasklyppar.

Generelle anbefalingar
Hvis du ønskjer å lagra din Automower® sjølv, anbefalar me at du utfører ein service hos oss fyrst. Det er også viktig at du oppbevarar den på eit tørt miljø med temperaturer over frysepunktet . Skitne robotgrasklypparar som oppbevarast i kalde og fuktige forhold vil ha ei mykje kortare levetid. Det anbefalast sterkt at du også oppbevarae ladestasjonen inne om vinteren.

Ta kontakt med Ole Johnny eller Einar i butikken for service og lagring til din Automower®
Tlf. 56 55 53 19 – E-post: firmapost@gules.no

© Kopirett - Gules. Levert av Bukken.no